Har du nån gong hørd kos namsosinga snakke? Skjønne du ailltid ka dæm sei?
Av Hilde Myrvik Bedsvaag
Av Hilde Myrvik Bedsvaag
Det er fleire ting som gjer ein trønder annleis frå ein østlending. Du har kanskje høyrd at trønderar har bart og brukar skinnvest, at dette er eit typisk trekk? Men du finn faktisk og språklege trekk som gjer ein trønder litt annleis frå ein østlending. Dette skal du få sjå og høyre i denne teksten.
Nordtrøndersk og namdalsk har fleire typiske trekk i talespråket, og dette skal du få lære litt om i denne korte faktateksten. Blant anna er eit typisk trekk i Nord-Trøndelag noko som heiter apokope. Dette vil på ein forenkla måte seie at noko på slutten av ordet blir kutta av. Nokre døme på det er verba: Å kjøpe, å kaste, å springe, som på bokmål og nynorsk har to stavingar. Men på grunn av apokope, vert den siste stavinga så og seie hogd av og vi seier difor på trøndersk: Å kjøp, å kast, å spring.
Noko tilsvarande gjeld til dømes substantivet ei kiste, ei kåpe eller ei klokke, som vi på trøndersk kuttar siste stavinga på, såleis at vi seier ei kist, ei kåp og ei klåkk.
Eit anna viktig trekk i talespråket er noko som heiter palatalisering. Dette vil seie at ord med dobbel konsonant uttalast med ein j-lyd på slutten av ordet. Dette skjer ved at ein pressar tunga opp mot den harde ganen i munnen. Nokre døme frå nordtrøndersk er mannj og kvellj for mann og kveld i trøndersk. Her vil orda få ein j-lyd i slutten av ordet.
Her kjem det ei lydfil der du kan høyre korleis ein snakkar i Namsos. Her vil du høyre at det både blir brukt apokope og palatalisering.
Nordtrøndelag e de bæste fylke i Norge meine æ, for æ e litt over rimelig interessert i sang og musikk og dær kjæm ́n Åge Aleksandersen med Sambainde fra (Æ e trønder æ og Hærre Gud ko tøff æ e!). Hain e faktisk Namsosing, som æ e å. Åge skreiv ei låt som haindle om at de e langt igjæn te Royal Albert Hål. Det som faktisk skjedd seinar va at både Åge og sambaindet leid heile Royal Albert Hål i London og fylt opp saln med glade trøndera som koinn tæksten på aill sangan og gøula i vei heile kveln.
Under kjem ei oppgåve som heiter tungetvistaren du kan prøve deg på. I denne oppgåva skal du forsøke å seie setningane som står skrive under opptil 10 gonger utan å stoppe. Fleire av orda har dobbelt konsonant, til dømes nn, som vil seie at du må tenkje over det særeigne trekket palatalisering. Er du usikker på korleis du skal uttale orda med dobbelt konsonant, kan du lese avsnittet lenger opp om palatalisering på nytt eller lytte til lydfila ovanfor.
"Ein halvdau kalv låg i ælva å fløut»
«Det kom ein mainn me ein hainhoin i bain og et spainn i dein ainner hainna"