SPRÅKDAUDEN
– Korleis drepe og redde eit språk?
– Korleis drepe og redde eit språk?
Av Anneke Johansen og Stine Olsen
Av Anneke Johansen og Stine Olsen
Visste du at det vert snakka mellom 6000 og 7000 språk i verda? Eit fleirtal av desse er små språk med få talarar, og dei siste femti åra har vi mista omtrent 250 av dei. Men truga språk kan reddast og kanskje til med vekkast opp frå dei daude!
Når born under 20 år ikkje kan snakke språket i det heile teke, er det eit av dei farlegaste symptoma på snarleg språkdød. Ein kan òg påverke språkbrukarane til sjølv å gi opp språket sitt med vald, tvang og forbod, eller ved å avgrense moglegheitene dei har til å bruke språket sitt i kvardagen. På denne måten frårøvast dei språket på alle bruksområde, heilt til folk oppfattar språket sitt som so verdilaust at dei gir det opp. Sidan språket ikkje er ein levande organisme som kan drepast med knivar og kuler, men ei ferdigheit som vi menneske ber med oss og lærer vidare til borna våre, so drep ein det ved å påverke menneska til å slutte å bruke denne ferdigheita og ikkje lære den vidare.
Vi må redde språka fordi den fantastiske språkevna gjer det mogleg får menneska å atterskape heile verden gjennom språket sitt, og dei ulike språka gjer dette på sin eigen måte. Kvart enkelt språk er difor eit unikt og gigantisk kunstverk, og folkeslaga med eige språk kan med stoltheit presentere dette som eit hovudbidrag til verdsarven.
Om vi skal klare å redde eit språk, må vi sørge for at språket fortsett vert brukt. Og ein viktig del av revitaliseringa (= å vekke til live igjen) av eit språk er å sørge for at borna lærer seg språket frå ein tidleg alder. Born er dei einaste medlemmane av menneskeheita som verkeleg lærer seg eit språk. Språkforskarar er einige om at det skjer ei endring i menneska si evne til å lære seg språk omtrent rundt puberteten. Før den tid er menneska som svampar å rekne når det gjeld språk, difor må opplæringa starte tidleg. Eit sterkt og levedyktig språk blir overført frå mor og far til borna. Desse tiltaka kallar vi livreddande språkpolitikk.
Feltlingvisten, som er språkvitskapens fremste fotsoldat i kampen mot språkdauden, kan bruke mange månader på å samle inn skildringar og dokumentasjon av korleis det utdaudande språket fungera. Dette arbeidet munnar ut i ei grammatikkbok. Grammatikken er nemleg sjølve kjerna i språket og språket sitt skjelett.
Folkeeventyr er faktisk ei av dei vanlegaste kjeldene til data om eit språk. Om lingvisten får informantane til å fortelje folkeeventyr, legender og historier på språket sitt, so kan ein samle inn store mengder med språkdata!
For å bli språkforsker trenger du to ting: En gigantisk interesse for språk, og en lang, lang, lang utdannelse.
Interessen for språk er kanskje noe du først oppdager når du blir litt eldre, og for meg var det først da jeg blei 16 at jeg oppdaga at språk og grammatikk var kjempespennende! Men når jeg først oppdaga det, var det ingen vei tilbake – språk var noe jeg ville lære mye, mye mer om. Jeg leste alt jeg kom over av bøker om emnet, og prøvde også å lære meg fremmede språk, jo rarere språk, jo bedre. Jeg starta med italiensk og spansk, og gikk videre til russisk. I dag snakker jeg russisk flytende, og kan gjøre meg forstått på italiensk, men spansken har jeg dessverre glømt.
Jeg bestemte meg også for å studere språk på universitetet da jeg var ferdig med skolen. Men for å bli språkforsker holder det ikke med bare ett eller to år på universitetet. Sjøl tok det meg 13 år fra jeg begynte å studere til jeg fikk en doktorgrad i språkvitenskap. Når man tar en doktorgrad i et fag, så kan man si at man endelig er kommet «i mål», da er man en fiks, ferdig forsker. Så det tar sin tid å bli ordentlig språkforsker, men da hjelper det å ha en brennende interesse for språk fra starten – da er det bare moro å studere det så lenge.
Skrevet av språkforsker Pål Kristian Eriksen som du kan se på bildet under.
Pål Kristian Eriksen. Foto: Ram Gupta
Denne artikkelen er basert på boka «Språk på sotteseng» av Pål Kristian Eriksen, samt eit foredrag av forfattaren i september 2023.