Ordgym – la hjernen din løpe!
Av Katrine Rui Gardsteig og Negita Negar Namvar
Av Katrine Rui Gardsteig og Negita Negar Namvar
Har du nokon gong tenkt over at ord kan vere spennande?
Ord er magiske krefter som kan forandre verda rundt oss. Kvifor er det slik at ord er så viktig og på kva måte kan ord forandre ulike situasjonar?
Kva er ord?
Eit ord er sett saman av ulike bokstavar, og funkar på ein måte som ein bokstavmiksar ved at bokstavane saman dannar meining når me set dei saman til ord. Nokon gonger kan me lage heilt nye ord ved å kombinere to eller fleire ord saman. Dette vert kalla for “samansette ord”. Tenk på ordet brusflaske. Ordet brusflaske er sett saman av orda brus og flaske. Orda har ulike tydingar når dei står åleine, medan når me set dei saman får det ei felles tyding. Medan du no arbeider med samansette ord, er det viktig at du tenkjer over korleis det kan endre seg ved at du legg til eller tek bort eit mellomrom.
Ord kan vere veldig morosame. Du kan på ein måte leike deg med dei, eksperimentere, og til og med finne på eigne ord. Ord kan hjelpe oss å beskrive, forklare, og til og med få folk til å le. I oppgåva under vil du mest truleg oppleve nokon av desse eigenskapane i møte med ord, og samansette ord. La hjernen din løpe!
Ordmysteriet av samansette ord
I denne oppgåva er det viktig at du tek på deg dei leikne og kreative brillene dine. Oppgåvene er dela inn i tre ulike vanskegrader. Det er lurt å byrje på nivå 1 og arbeide deg nedover. Når det stoppar opp, fortvil ikkje. Kvar oppgåve har med hint, som hjelper deg til å fokusere på løysingsordet. Lukke til med ordmysteriet!
No er det på tide at du jaktar på dine eigne ord. Dersom hjernen din treng meir trim, kan du no reise på ordjakt. Ord kan ha ulike tydingar avhengig av korleis me set dei saman. No kan du tenkje på og finne ulike ord som du kan bruke til å leike med språket på, og kanskje oppdagar du nokon nye spennande ord.