Samiske språk – Noregs urfolkspråk
Av Stine Olsen og Anneke Johansen
Av Stine Olsen og Anneke Johansen
Visste du at vi har hatt ni samiske språk i Noreg? I dag vert nokre av dei rekna som utdøydde, men det finst mange som jobbar med å vekke desse språka til live igjen!
I Noreg har vi hatt ni samiske språk (sjå kart). Som du ser, syner kartet fleire samiske språk enn dei tre som er offisielle her i Noreg. Kva med umesamisk og pitesamisk, kvifor har ikkje dei offisiell status? Den triste grunnen er at desse språka reknast som utdøydde i Noreg. Dei vart snakka her i tidlegare tider, men no er det berre i Sverige ein finn samar med ume- og pitesamisk som morsmål. Faktisk er alle dei samiske språka i dag diverre truga i større eller mindre grad.
Men sjølv om desse språka reknast som utdøydde, finnast det mange som arbeider for å revitalisere (=som tyder å vekke til live igjen) desse språka i Noreg, og som har lært å snakke språka i vaksen alder. Dei er ikkje morsmåltalarar i teknisk forstand, men dei er talarar, og mange av dei lærer språket videre til borna sine. Dykk skal ikkje sjå vekk i frå at disse 3 språka òg vil få offisiell status ein dag. Skoltesamisk har allereie ein fot innanfor, for i stadnamnlova, som regulerar offentleg status og bruk av stadnamn i Noreg, er det spesifisert at skoltesamiske namn skal kunne registrerast og få offentleg status i Sør-Varanger.
I dei områda der samiske språk vert snakka, finnast det barnehagar som spesialiserar seg på dette – barnehagar der all språkbruk er på minoritetsspråket. Denne teknikken kallast gjerne språkdusj eller språkbad (små bolkar med eksponering er dusj, medan lange er bad). Ideen bak dette er å la borna bade i minoritetsspråket og dermed la språksvampane dei har i hovudet sitt suge til seg språket nokre timar kvar dag. I tillegg til barnehagen har skulen òg ein viktig posisjon i å revitalisere språk. Borna må få undervisning i minoritetsspråket dei snakkar, og for at eit minoritetsspråk skal vere fult fremma i skulen, bør minoritetsspråklege elevar frå alle faga presentert på minoritetsspråket sitt.
Nordsamisk er det største av dei samiske språka, rundt 15.000 - 30.000 snakkar nordsamisk. Det er nordsamisk som oftast vert brukt på samisk radio og tv.
Lulesamisk er det nest største av dei samiske språka, rundt 1000 talarar. Desse held til i nordre del av Nordland og rundt Tysfjorden.
Sørsamisk vert snakka i eit stort område i Noreg, og vi har rundt 500-600 talarar overalt (inkludert Sverige).
Umesamisk vart snakka langt sør i Nordland fylke, rundt Mo i Rana. På norsk side reknast språket som utdøydd, og ingen har det som morsmål. I Sverige finnast det 10-15 menneske som har det som morsmål, so det er veldig få talarar. Men det finnast umesamar som vil revitalisere umesamisk, og nokon reiser på kurs i Sverige for å lære seg umesamisk. (Her må dei følgje same framgangsmåten dykk las under livreddande språkpolitikk; kvifor må vi redde språka og korleis kan vi gjere det?)
Pitesamisk vert rekna som utdøydd i Noreg, og det finnast berre 15-20 talarar i ein liten fjellkommune i Sverige.
Skoltesamisk vert snakka av rundt 400 talarar i Varangerområdet og rundt Kirkenes, samt i nokre områder nord i Russland og Finland.
Denne artikkelen er basert på boka «Språk på sotteseng» av Pål Kristian Eriksen, samt eit foredrag av forfattaren i september 2023.